Velkommen

Velkomen til Stranda legekontor si heimeside. Vi ønsker å gjere kontakten med oss så enkel som muleg. Derfor er det tilrettelagt for bestilling via SMS på desse sidene.

Du vil i tillegg finne ein del informasjon om legekontoret her. Elles er du velkomen til å ta kontakt på telefon om du ønsker det.



Viktig informasjon

5. april 2016 kl. 13:42

Legevakt

OPNINGSTIDER
Stranda Legekontor
08.30 – 15.00
Telefon 70 26 8 120

Telefon legevakt 116117 alle dagar

Legevakt Stranda:
Måndag til fredag:    15.00 – 22.00
Laurdag og søndag: 08.00 – 22.00

Legevakt Ålesund:
Alle dagar: 22.00 – 08.00


In case of emergency call 113

6. mars 2015 kl. 14:27

Bestilling av pasientreiser

Lenes bussreiser tar over køyring av pasientar frå 9.mars 2015.

  1. Legekontoret skal kun bestille på medisinsk grunnlag.
  2. Dersom rutegående tilbud manglar skal pasienten ringe pasientreiser 05515 for å bestille drosje.
  3. Flyreiser skal bestillast via pasientreiser 05515. Pasient skal ringe i god tid før avreise, gjerne med ein gong ein får innkallinga.
  4. Så langt det er mogleg skal reisa bestillast innan kl.13 siste virkedag før timen (altså fredag før 13 dersom pasient skal reise mandag).
  5. Pasienten kan sjølv avbestille avtalt drosjetur på 05515 eller direkte med Lenes bussreiser 91001500 tast 2 . Pasientreiser har åpe kvardagar frå 08.00 -16.00.

Lenes bussreiser vil som før ringe pasienten dagen før bestillinga.

1. juli 2014 kl. 15:13

Bestill legetime via ny App

HelseRespons App lanserar denne veka ny App. Med Appen kan pasienten enklar bestille time, resept og gjere andre henvendelsar. 
Søk etter HelseRespons inne på App store eller Google Play for å laste ned.

4. februar 2014 kl. 10:00

Ikkje møtt til legetime

Du må avbestille timen din seinast dagen før.

Viss du ikkje møter på ein timeavtale eller avbestiller same dag vil du få tilsendt ein faktura med ikkje møtt-gebyr i posten.

Dette gjelder også barn, gravide og dersom du har frikort.

8. mars 2013 kl. 12:47

Ny postadresse

Stranda legekontor har fått ny postadresse, post sendast til:
Stranda legekontor
Øyna 13
6200 Stranda